Handverksmat frå Nordfjord
På garden Påldtun i vakre Nordfjord legg vi barndomsminne på flasker og glas, med tradisjonelle oppskrifter frå mor si heimelaga saft og besta sitt syltekott. Alt vi produserer er 100 % heimelaga, utan kunstige tilsetjingsstoff – ein smak av naturen, rett frå garden til deg!
Vi legg stor vekt på kvalitet, og både liten og stor kan trygt nyte våre frukter og produkt. Enten det er saft, syltetøy eller hermetisk frukt, kan du vere sikker på at kvart einaste produkt er laga med omsorg og utan kunstige tilsetjingar. Hos Påldtun får du ekte, lokalmat som minner om gamle dagar, men med den friske smaken av naturen i dag.
Booking
Nyt utsikten over fjord og fjell
På Påldtun tilbyr vi overnatting i sjarmerande hytter med fantastisk utsikt over fjord og fjell, plassert på toppen av vår frukthage.
Visste du at vi også har båtutleige og sauna? Perfekt for både eventyr og avslapping.
Produkta
Har du smakt produkta våre?
På Påldtun lagar vi saft, syltetøy, gele og hermetisk frukt – alt laga med lokale råvarer frå naturen rundt oss.
Vi set pris på tradisjonelle oppskrifter, og alt er 100 % heimelaga utan kunstige tilsetjingsstoff.
Om oss
Lange tradisjonar innan frukt- og bærdyrking
Påldtun er ein gard med lange tradisjonar innan dyrking av frukt og bær.
Vi har over fleire generasjonar utvikla ein kjærleik til naturen og handverket, og vi er stolte av å dele vår historie med deg.
Sjølvbetent gardsutsal på Påldtun
Syltekottet
Syltekottet til Påldtun er ei lita, triveleg salgsbod der du kan handle gode, lokale varer – heilt sjølvbetent og i ditt eige tempo. Boda er ope frå mai til oktober, og her kan du stoppe innom når det passar for deg.
I Syltekottet finn du utvalde produkt frå Påldtun og andre lokale produsentar – alt frå heimelaga sylte og spekemat til egg og sesongens smakfulle overraskingar. Her handlar du rett frå garden, utan mellomledd, og med kortreist kvalitet i kvar bit.
Dette får du i Syltekottet:
Lokalmat og bær og frukt etter sesong - jordbær, bringebær og eple
Sjølvbetent og ope frå mai til oktober
Ein hyggeleg stopp for deg som er på tur, hytta eller køyrer forbi
Du finn Syltekottet like ved tunet på Påldtun, og betaling skjer enkelt med Vipps.
Dersom du ønskjer å handle utanom sesong, er det berre å ta kontakt med oss.
Velkomen til Syltekottet!
Green key
Miljøsertifisering for bærekraftig turisme
Green Key er ein internasjonalt anerkjent miljøsertifisering som viser at vi på Påldtun er forplikta til å drive med miljøvenlege og berekraftige praksisar. Sertifiseringa sikrar at vi tek ansvar for både naturen og samfunnet, og at vi tilbyr våre gjester ei grønn og ansvarsfull oppleving.
Kontakt oss
Nordstrandsvegen 264
6823 Sandane
Sogn og Fjordane
Norge
Veronica Hauge
Epost: veronica@paaldtun.no
Mobil: (+47) 41 20 60 16
Magne Ravnestad
Epost: magne@paaldtun.no
Mobil: (+47) 91 81 62 77
Følg oss gjerne på Instagram eller Facebook
